Mone Celin Skrede, debuterer som forfattar på Det Norske Samlaget med boka "Mi høgre hand: Mot ein identitet som funksjonshemma" i serien "Norsk røyndom" i starten av mai. 13 mai blir det lanseringsfest på Sentralen i Oslo.
Det blir samtale om boka ved Skrede og forfattar-kollega Astrid Sverresdotter Dypvik, nokre ord frå redaktør Richard Aarø, litt stand up ved komikar Sebastian Tjørstad, boksal og signering.
Litt om boka (frå omslaget):
"– Vil du vere saman med han, Mone? Vil du? Hallo-o! Kom an, svar då!
Før bussen køyrde inn på haldeplassen utanfor skulen, hadde eg gjeve opp.
– Ja ... Okei, då.
Ein ørliten del av meg – eg ville aldri innrømt det der og då – lurte på om eg hadde fått min første kjærast. I matpausen samla det seg ein stor gjeng rundt meg.
– Det var berre kødd! Trudde du verkeleg han ville vere i lag med deg?!
Mone Celin Skrede er fødd med ei høgrehand som er mindre enn den venstre. Her deler ho forteljinga si om å vekse opp i ei lita vestlandsbygd utan å identifisere seg som funksjonshemma. Mi høgre hand er ei bok som utfordrar og overraskar. Skrede skriv ope om korleis ho har navigert i livet sitt, og om korleis ho har funne styrke i å vere ein del av "rørsla"."
Lokalet er tilgjengeleg for rullestol.
Foto: Mone Celin Skrede, Samlaget
Arrangør:
Det Norske Samlaget