Om arrangementet
Naboen min ønsker små og store velkommen til ein konsert med snert!
Naboen min har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. I tekstane finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad.
Bandet slapp hausten 2026 si tredje barneplate; "Alt på ein gong". For debutplata "Rockesock" mottok bandet Spellemannsprisen i kategorien barnemusikk.
Høyr deg opp på songar som Male himlen blå, Gyli gyli gong gong og Rockesock, samt nye godbitar som Stå på ein fot, Elefant i stova og Jorda er flat, og bli med på festen!
Naboen min er bandet til barnebokforfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt. Dei to tar med seg fullt band og lover ein miks av gamalt og nytt.
Passar perfekt for deg frå 2 til 222 år.
Vokal og gitar: Vegard Markhus
Gitar: Bjørnar Sangolt
Trommer: Einar Olsson
Bass: Ruben Fredheim Oma
Tangentar: Bjarne Gustavsen
Konserten er støtta av Kulturrådet.
Foto: Helge Skodvin
Arrangør: Naboen min