Om arrangementet
Så då gjer vi det!
Periskop og Bok & bibliotek inviterer bibliotektilsette, litteraturformidlarar, lærarar, litteraturinteresserte, forlagsfolk, forfattarar og alle andre som er opptekne av lesing til felles myldring om Sommarles. Lokalet er Hvelvet på Sentralen i Oslo.
Arrangementet er støtta av Fritt Ord.
I panelet: Oddmund Kårevik, Ragnhild Malfang, Tove Stjern Frønes, Christian Goveia Jacobsen, Steffen Sørum og Silje Eggum.
Alle vi som utgjer Bok-Norge er glade i Sommarles. Men ikkje bare vi, også folk flest, foreldre, lærarar, politikarar, journalistar og – viktigast av alt – ein drøss med ungar. Men Sommarles, denne biblioteka sin største merkevare, har også sine utfordringar.
I fjor stilte barnebibliotekarar ved Skien bibliotek spørsmål ved forbrukskulturen og kostnadane knytt til utdelinga av hundretusenvis med plastpremiar frå Kina.
Andre har problematisert spelifiseringa som kampanjen bygger på. Skapar det ekte leseglede, eller berre stimulering av belønningssenteret for ein speleglad generasjon? Den sterke koplinga til skjerm, med online registrering og sommarlesforteljing som kan lesast på nett, gjer det også vanskeleg for foreldre og born som vil ha ein skjermfri sommar.
I 2025 var ni av dei ti mest lesne bøkene teikneseriar, og sju av desse var frå Nordlys-serien til Malin Falch. Er dette uproblematisk? Er utvalet av bøker som faktisk treff målgruppa godt nok når sju av bøkene på topp ti-lista er skrivne av same forfattar?
Kampanjen har også hausta kritikk for å fokusera for skarpt på kvantitet i staden for kvalitet. Når årets kampanje blir sparka i gang 1. juni er difor lesetid lagt inn som viktigaste poengskapande parameter. Det blir spanande å følga med på kva resultat dette gjev.
Men det finst altså nok av spørsmål å stilla til kampanjen. Og det vil vi gjera saman med dette panelet:
* Oddmund Kårevik, bibliotekar, tidlegare biblioteksjef i Enebakk. Arbeider for tida som spesialrådgjevar ved Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold, men startar om kort tid i ny jobb som rådgjevar i Stiftelsen Lese.
* Ragnhild Malfang, bibliotekar, litteraturformidlar og seksjonsleiar hos Lillestrømbibliotekene. Medforfattar av "Les meg – håndbok i litteraturformidling" og har i fleire år leia IBBY Norge – Barnebokforum
* Tove Stjern Frønes, forskar ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo og styrelem i Stiftelsen Lese. Har sidan 2007 arbeidd med elevar si leseforståing gjennom nasjonale prøvar og PISA.
* Christian Goveia Jacobsen, prosjektansvarleg i Stiftelsen Lese med ansvar for Bokslukerprisen. Jobbar òg som utviklar av lærerressursar. Har jobba i Osloskolen i 16 år. Adjunkt med bachelor i sosiologi, engelsk og PPU i tillegg.
* Steffen R.M. Sørum, fagleder ved Norsk barnebokinstitutt. Forfatter og førsteamanuensis i skrivekunst med 16 år bak seg som forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur.
* Silje Eggum, bibliotekar og teamleder ved fylkesbiblioteket i Vestfold, fylket som skapte og driver Sommerles. Har erfaring som biblioteksjef i Horten og Re, fra skolebibliotek og med barn og unge i svenske bibliotek.
* Arne Olav Hageberg (ordstyrar), redaktør i Bok & bibliotek, litteraturvitar med fartstid frå folkebibliotek, tidsskrift, aviser og visescener.
Kvelden blir også eit lanseringsarrangement for utgåve 2-2026 av Bok & bibliotek. Vi inviterer alle som vil til etterfest rundt eit høveleg vasshol. Velkomne!
Sommarles er ein nasjonal lesekampanje der bibliotek over heile landet brukar spelifisering med poeng, nivå og premiar for å motivera born til å lesa i sommarferien. Kampanjen starta i Vestfold i 2013, men blei fort gjort nasjonal. I 2025 las 162 000 born 2,6 millionar bøker som blei registrert via nettsida sommerles.no. Forsking har vist at dei som er med på Sommarles får mindre nedgang i leseferdigheiter gjennom sommaren. I "Sammen om lesing – Leselyststrategien 2024–2030" er den nemnt som noko av det regjeringa lova å finansiera minst fram til 2030.
Periskop.no er eit tverrfagleg, redaktørstyrt nettidsskrift for journalistikk om og kritikk av kultur retta mot born og unge. Sidan lanseringa i 2013 har Periskop hatt som mål å løfta kvaliteten i kunsttilbod for dei under 25, styrka den offentlege samtalen om barnekultur i Norge og vera ei urokråke i si undring over kvalitet og relevans i barnekulturen. Plattformen held seg til redaktør- og Vær Varsom-plakaten, blir støtta av Norsk kulturråd, Fritt ord og Norsk filminstitutt og er medlem i Norsk tidsskriftforening.
Bok & bibliotek det einaste redaktørstyrte og uavhengige mediet i landet som spesifikt dekker bibliotekfeltet – folkebibliotek, fagbibliotek, skulebibliotek, fylkesbibliotek og spesialbibliotek. Frå og med 2026 er det også det einaste bibliotektidsskriftet som kjem ut både på papir og i digitale format. Tidsskriftet er medlem i Fagpressen og Norsk tidsskriftforening.
Foto: Illustrasjonsfoto: Pexels
Arrangør: Bok & Bibliotekt og Periskop






