Tilbake
Thursday
15
.
June
2023
19:00
Marmorsalen
Kom i sommarstemning med Hygge korpsensemble!
På årets sommarkonsert presenterar vi eit spanande program med stort spenn. Vi byr mellom anna på heile to rapsodiar – Gershwins klassiske piano-stykke Rhapsody in Blue og Italian Rhapsody av Julie Giroux, som leiker med tema frå italiensk folkemusikk og operalitteratur.
På denne konserten let vi talentar frå eigne rekker skinne. Solist på Rhapsody in Blue, på piano for høvet, er Hygges faste trombonist, Harald Ramm Haugland. I tillegg spelar vi Ballade av Agathe Backer Grøndal i arrangement av slagverkar Bjørnar Utne-Reitan og Pauline Halls Floire i eit heilt ferskt arrangement av bassklarinettist Sander Glorvigen Kalafat.
Som alltid, er vi i Hygge opptatt av å utvide det tradisjonelle korpskonsert-formatet, og denne gongen brukar vi lyskunst til å skape eit heilskapleg og omslutande utrykk.
I tillegg til alt dette blir det, i kjent Hygge-stil, sjølvsagt eit par overraskingar, mellom anna eit ekstra-nummer du definitivt ikkje vil gå glipp av.
Kunstnarisk leiar og dirigent (og klippe) på prosjektet er Eline K. Storheim.
Eline K. Storheim:
Eline K. Storheim er ein norsk dirigent frå Manger med base i Oslo. For tida studerar ho på Noregs Musikkhøgskole under professor Ole Kristian Ruud. I løpet av studiet har ho fått moglegheita til å dirigera dei forskjellige forsvarskorpsa, i tillegg til fleire samansette ensembler på skulen samt andre korps og orkester i Oslo-området.
Harald Ramm Haugland:
Harald Ramm Haugland er enn så lenge ein ung og spenstig pianist, som opptrer rundt omkring i landets mange krikar og krokar. Den allsidige musikaren kan stadig kan sjåast på scenen i alt fra barokkensembler til rockeband og alt imellom. Han har allereie rukket å spele på mange av landets største klassiske musikkfestivalar og er også ein ivrig komponist. På fritida spelar han i Norges stødigaste trombonegruppe i Hygge Korpsensemble. Han tek også ein bachelorgrad hos professor Håvard Gimse på Norges Musikkhøgskole.