Monsterjazz

Monsterjazz

14.00 Forstanderskapssalen

Tilbake til program

Monsterjazz 

Karl Seglem, t.sax, bukkehorn, antilopehorn, tekst

Christoph Stiefel, preparert piano

Jullie Hjetland Jensen, stemme, loops

Trygve Waldemar Fiske, bass

Kåre Opheim, trommer, perk.

Gunvor Rasmussen, blekk og akvarellfargar

Monsterjazz var bestillingsverk til Moldejazz2014. Der skapte kvintetten 2 fri-form konsertar med - og for små og store jazzmonster, med tekst-innslag frå Seglems to poesi-samlingar og sine forfatta historiar for barn. Konserten har ei open form, der ei tenkt energilinje som musikarane navigerer etter styrer progresjonen og musikken. Improvisasjon i ordet si rette tyding. I botn ligg gjennomarbeida grunn-element kanskje først og fremst klangleg, men også melodisk, rytmisk og harmonisk. Byggesteinar som ligg der som utgangspunkt for å bli kasta inn - brukt i konserten. Karl Seglem utfordrar seg sjølv, sine medmusikarar og eit lyttande publikum, som også får høve til å delta - og forma konserten. Og ingen veit, når, korleis og på kva måte. I hovudsak vil konserten vera instrumental (ingen song-tekstar), men med ord og tekst-innslag i ei eller annan form - som også skal improviserast fram der og då. Tegnaren Gunvor Rasmussen medvirkar med si "stemme" i heilskapen ved at ho skal tegna tegningar undervegs - med blekk og akvarell som er hennar instrument, Tegningane blir vist på skjerm, projisert. Og: ho skal tegna MONSTER av alle slag, inspirert av det som blir skapt der og då - som ei forlenging av lyden, klangen og interaksjonen mellom scene og sal.

Få også med deg