Konseptslipp for Musikal-i-teten 2018

Konseptslipp for Musikal-i-teten 2018

19.30 Vinterhagen

Tilbake til program

12.-14. november 2018 vert musikkteaterfestivalen Musikal-i-teten arrangert for tredje gang. 

Vi snikstartar 23.januar med konseptslepp for festivalen, og ynskjer alle hjarteleg velkomen til å delta. Her vil vi syne Musikal-i-teten sin nye grafiske profil designa av studentar ved Høyskolen Kristiania, tale ved festivalens leiar og underhaldning frå Musikkteaterhøyskolen sine studentar.

Musikal-i-teten er ein årleg musikkteaterfestival arrangert av studentar ved Musikkteaterhøyskolen. Festivalen har kvart år eit nytt konsept og skal vere eit samlande forum for bransjen, kunstutdanningane og publikum. I år er temaet “Eit lite stykke” som skal utfordre og utforske kva det kan seie å vere norsk i Noreg i dag.

Det vil vere moglegheit for kjøp av mat og drikke i Sentralens kafé.

Varigheit: Ca 1 time

Få også med deg