Frå landevegen

Frå landevegen

19.00 Hvelvet

Tilbake til program

Musikal-i-teten 2018 er stolte av å presentere Gjertrud Jynge som artist under årets festival. Forestillinga er eit gjestespel frå Det Norske Teatret, som fortel ei historie som er både sterk, vakker, vond og aktuell. 

“På folkemuseet på Bygdøy står den gamle prestegarden frå Leikanger i Sogn. Skodespelar Gjertrud Jynge har mange og sterke slektsminne knytt til denne vakre bygninga. Her vaks oldemor hennar Louise opp, og her fekk far til Louise, soknepresten Jakob Walnum (1851-1925), sitt kall frå Gud: Han skulle bygge opp ein misjon for å verke blant taterane, Romanifolket, han skulle få slutt på omstreifarvesenet. Taterane skulle bli som andre «gode» nordmenn, kristne og bufaste. Dei vaksne blei sett til tvangsarbeid i eigne leirar, barna blei sende på barneheimar, ofte tekne frå foreldra med makt.” - Henta frå Det Norske Teatret sine heimesider (23.08.2018) 


Regissør: Gjertrud Jynge

Manus/regihjelp: Kai Johnsen

Musikar: Espen Leite

Dramaturg/omsetjar: Ola E. Bø

Musikals konsulent: Laila Yrvum

Spilletid: Ca 1 t 25 min (utan pause) 

Foto: Dag Jenssen


Arrangør: 

Musikal-i-teten er nordens einaste musikkteaterfestival og vert arrangert ved Sentralen 12.-14. november. Årets festival har tema «Eit lite stykke» og er ei samling av små stykker musikkteater som representerer ulike uttrykk for det å vere norsk.


For meir info, gå inn på www.musikaliteten.no

Få også med deg