Eit vintereventyr

Eit vintereventyr

19.00 Hvelvet

Tilbake til program

Eit vintereventyr

Av Jan Roar Leikvoll.
Ein monolog med Jacob Jensen.  

«Eg spring
spring inn i skogen
ut av leiren  

eg spring ut av meg sjølv
dit eg sjølv vil»  

Kor langt kan eit menneske i fangenskap gå og framleis kunne forsvare sine handlingar? - Ei teaterframsyning om eit menneskes galskap og avgrunn 

Kan vi rettferdiggjere vondskap når det er for å overleva?
Eit vintereventyr er ei rå, brutal og vakker framsyning om livet på innsida av ein arbeidsleir. I eit brutalt og rått kvardagsliv lengtar hovudpersonen etter å bli elska og få nærleik frå andre menneske. Håpet om at kjærleiken finst der det finst menneske, same kor forferdelege ting som skjer, tek all plass i tankane hans. Eit vintereventyr er ei forteljing om korleis både ytre og indre hendingar kan lyfte eit menneske opp og styrke det, eller knuse det. 

Jan Roar Leikvoll sin kritikarroste debutroman blir no teater med Øystein Johansen på regi. Med seg har han Jacob Jensen som er nyutdanna skodespelar frå teaterhøgskulen, Kunsthøgskulen i Oslo.

Framsyningslengde: 1 time og 15 minuttar (ingen pause).

Medvirkende:
Idé og prosjekteigar: Øystein S. Johansen.
Dramatisering: Kristian Lykkeslet Strømskag
Regi: Øystein S. Johansen
Skodespelar: Jacob Jensen
Teknikar: Tobias Pfeil
Produsent: Eline Lysen Paulsen
Foto og video: Erika Hebbert

Produsert av Bunnyhead Productions i co-produksjon med School van Gaasbeek. Framsyninga er støtta av Norsk kulturråd, Innlandet fylkeskommune, Fond for utøvende kunstnere, Fond for lyd og bilde og Oslo kommune.

_________________________________________________________________

Obs! Dersom du bestiller 2 eller flere billetter blir du og ditt følge plassert sammen. Det fordrer at dere er fra samme husstand eller har en nær relasjon. Vil man sitte med avstand, må man kjøpe billettene separat.

Kjøp billett

Få også med deg